Emilie Helstad (15) i internasjonal hopp konkurranse

Postet av Julianne Topland Hillestad den 12. Des 2025

Tonje Kallhovd skriv i Setesdølen:

Emilie Helstad (15) frå Evje har nyleg blitt teke ut i den internasjonale konkurransen ICOC (Europacupen). Ho blir med dette den fyrste frå Otra IL som kjem heilt til dette nivået, som er nivået under Worldcup.


Emilie Helstad med hoppskia i Trollbakken på Evje.

Emilie Helstad med hoppskia i Trollbakken på Evje. Foto: Tonje Kallhovd


– Eg blei veldig glad då eg fekk sjå resultatlista, og skjønte at eg kan få vere med på dette! Det blir eit renn kor eg kan hente inn god erfaring.


Det er ein svært god kjerne i det unge hoppmiljøet i Otra IL, og ei erfaren leiargruppe som står bak mykje dugnadsarbeid for å hjelpe fram hopparane.
Det er ein svært god kjerne i det unge hoppmiljøet i Otra IL, og ei erfaren leiargruppe som står bak mykje dugnadsarbeid for å hjelpe fram hopparane. Foto: Matthias Banholzer


Helstad er svært aktiv, og dette året har ho mellom anna delteke i Sommerhoppuka på austlandet og NM i skihopp i Oslo. I tillegg til organiserte konkurransar har ho teke mange enkeltståande renn. Eitt av dette renna resulterte i at ho tok bakkerekord i Brattåsen i Arendal!

I vår er ho ferdig med grunnskulen, og planen hennar er klar: ho vil satse vidare på hoppsporten på Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer. Her skal ho søke seg inn på lina som heiter NTG-hopp og kombinert, eit skreddersydd program med trenarar i verdsklasse. Lengre framme i horisonten har ho også målsetjinga klar:

– Målet mitt er landslagsplass!

Hentet fra Setesdølen: https://www.setesdolen.no/nytt/n/9pmn45/otra-hoppar-i-internasjonal-konkurranse?fbclid=IwY2xjawOox1VleHRuA2FlbQIxMQBzcnRjBmFwcF9pZBAyMjIwMzkxNzg4MjAwODkyAAEeVk7jh1r7oxxH0tRu1rmCEC9QvxSdxtUV7ZAgbCQSqBfXqQkuqaYig-vS8aE_aem_nBcLWPdqgyJ9hgo5VczwJA 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.